Ny Symjehall 15.11.2006

Bakgrunn: I februar 2005 vart det røyst forslag om at Svelgen Kjemiske Arbeiderforening (SKAF) skulle ta initiativ til bygge eit moderne svømmeanlegg i Svelgen.

SKAF sine medlemer beslutta på dette møtet å sette i gang prosessen.

SKAF etablerte seinare ei arbeidsgruppe på tre personar som skulle drive arbeidet framover.

Gruppa har vorte leia av klubbleiar Bjørnar Førde.

 

SKAF fekk i løpet av 2005 laga eit prospekt på korleis dette kunne gjerast ved å benytte eksisterande lokalisering av dagens svømmehall. SKAF fekk også ein lovnad frå eit fond på kr 250.000 NOK.

På årsmøtet 2006 valgte SKAF sine medlemer å bevilge kr 250.000 NOK ved realisering av eit anlegg som kunne ivareta alle deler av samfunnet sine interesser.

 

Våren 2006 bevilga Sparebanken Sogn og Fjordane eit beløp på kr 50.000 NOK til forprosjektering av anlegget. Dette var ytt frå fyrtårnsmidlane til Sparbanken Sogn og Fjordane.

 

Forprosjektering og estimat for kostnad er no ferdig.

 

Forslaget har tatt hensyn til valg av lokalisering av følgjane grunnar: Bruk i skulen, og infrastruktur for varmtvatn frå Elkem, avløp, el-energi etc.

 

Energikostander er ein av dei største utgiftene til eit slikt anlegg. Difor må vi i Svelgen som har ein styrkje i miljøvarme sitt anlegg nytte dette maksimalt.

 

Arbeidsgruppa har nytta ressurspersonar frå symjemiljøet, personar som arbeider for handicap-tilrettelegging, og har fått ei mengde innspel frå ulike personar i Svelgen.

I prosjektfasen er det lagt vekt på å tilfredstille alle samfunnslag sine interesser.

 

Terapibassenget er ikkje ferdig utforma, her trengs det fleire innspel frå brukarar og helsevesen.

 

  • Anlegget støtter krava som Norges Svømmeforbund har til kortbaneanlegg.
  • Anlegget er 100 % handicap-tilrettelagt.
  • Terapibasseng for bruk i helsevesenet.
  • Tilrettelagt for alle aldrar, og sosialt samvær og leik for familiar.
  • Nærheit til skule, idrettshall og utandørs idrettsanlegg.
  • Nærheit til fysioterapeut og legesenter.
  • Nærheit til overnattingstilbod.
  • Nærheit til ungdomsklubb.

 

Anlegget er skreddersydd etter intensjonane som kultur departementet har for bruk av tippemidlar.

Dei beskriv anlegg som gjer eit heilårs lågterskeltilbod som svært viktige.

 

Arbeidsgruppa meinte at eit viktig moment var å sjå anlegget i samanheng med Svelgen oppvekst, og fokusere på aksen som danner seg frå idrettshall via skule, barnehage, svømmehall og idrettsanlegg.

 

Markedsførings idè:

Svelgen Oppvekst, ein stad for læring, kultur og idrett

 

Vi er bevisst på at ein slik heilhetstanke vil gje folk ein god grunn til å verte buande i Svelgen med familien sin, og fleire vil nok velge å komme hit.

 

Forslaget som ligg framlagt har ein estimert kostnad på 39,8 MNOK dette er inklusiv 20 % uforutsette kostnader.

Forprosjektering og kostnadsestimat er gjort av NAVIC Engineering i Svelgen.

 

 

Den 21.09.06 inviterte arbeidsgruppa i SKAF inn følgjande personar til orienteringsmøte om prosjektet:

 

Svein Arne Sandvik som leiar for STIF

Are Kjelkenes som representant frå svømmegruppa i STIF

Olav Ommedal som leiar for Miljøvarme

Bjørgulf Myklebust som leiar for Svelgen Næringsråd

Kåre Myklebust for Svelgen skule

Kåre Olav Svarstad for Bremanger kommune

 

Bjørnar Førde leia møte for arbeidsgruppa i SKAF.

 

Felles uttale:

Anlegget passar for bruk til alle grupper mennesker og behov som gjenspeiler samfunnet vi lever og bur i. Forslaget er spenstig og ambisiøst.

 

Gruppa meinte at det må arbeidast vidare med moglegheitene om å realisere ein større svømmehall i Svelgen.   Forslaget er godt men lokalisering og utforming og behov må drøftas nøyare .

 

Deltakarane på møtet meinte at det ville verte ei stor utfordring å få bygdas befolkning til å einast om eit prosjekt.

 

Møtet ga arbeidsgruppa i SKAF som mandat å kalle inn ein representant frå flest mogleg interessegrupper i Svelgen til eit nytt møte. Der kan ein drøfte om prosjektet skal arbeidast vidare med, og ein kan lufte behov og ønsker. Vi tenkjer då på STIF, Svelgen skule, handicaplag, pensjonistlag, næringsliv, revmatikerforbund, helsevesenet etc.

Det finnast sikkert fleire som bør innvolverast også.

 

Om det er andre som har forslag og innspel til prosjektet, eller instanser som bør inviterast til nytt møte, er det berre å ta kontakt.

 

Arbeidsgruppa takkar alle bidragsytarar som har delteke til denne tid.

Med venleg helsing

Bjørnar Førde